Genmodifiserte organismer

Endelig risikovurdering av genmodifisert potetlinje EH92-527-1 ”Amflora” (C/SE/96/3501 og EFSA/GMO/UK/200514)

Bestilt:

Rapportnr: 2011: 07

Publisert: 18.03.2011

Hovedbudskap:

På oppdrag frå Mattilsynet har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) gjennomført ei helse- og miljøvurdering av den genmodifiserte stivelsespotetsorten Amflora (EH92-527-1).

Amflora er ein genmodifisert potetsort som er utvikla til industrielt bruk, primært for papirindustrien. Amflora inneheld meir av stivelseskomponenten amylopektin enn ikkje-genmodifiserte potetsortar.

I 2010 godkjente EU potetsorten Amflora til dyrking, industrielt bruk og til bruk som dyrefôr. Amflora er ikkje utvikla for matproduksjon, men godkjenninga han har fått i EU inkluderer løyve til innblanding av spormengder i mat og fôr opp til 0,9 %.

I samband med sluttbehandlinga av søknaden om godkjenning i Noreg, har Mattilsynet bedd VKM om å vurdere mogleg risiko for human- og dyrehelse ved bruk av poteten som fôr. Mattilsynet bad òg VKM om å vurdere landbruksrelatert miljørisiko ved import, transport, vidareforedling og dyrking, samt risiko knytt til sameksistens.  

VKM konkluderer

VKM si faggruppe for genmodifiserte organismar, som har gjennomført risikovurderinga, konkluderer med at det er lite truleg at dyrking, industrielt bruk eller bruk av Amflora som dyrefôr vil medføre endra risiko for helse, landbruksrelatert miljø eller sameksistens, samanlikna med konvensjonelle
stivelsespotetsortar.

Ut frå dagens kunnskap meiner faggruppa at utilsikta innblanding av EH92-527-1 i konvensjonelle matpotetar opp til 0,9 %, ikkje vil representere nokon risiko for humanhelse.

Sjå samandraget i risikovurderingane for faggruppa sine delkonklusjonar. 

Fakta om Amflora

Genmodifiseringa av Amflora har medført at stivelsessamansetjinga i potetknollane er endra, ved at mengda av stivelseskomponenten amylopektin er auka med 20-30 % samanlikna med konvensjonelle potetsortar. Bakgrunnen for endringa er at Amflora har fått tilført eit såkalla antisens-fragment frå poteten sitt eige gbss-gen. Dette genet kodar for enzymet granular bound starch
synthase (GBSS), som er eitt av nøkkelenzyma i biosyntesen av stivelse.

Det katalyserer òg danninga av amylose. Introduksjon av gbss-genet i motsett retning av det opphavlege genet, fører til at produksjonen av amylose blir nedregulert og at mengda av amylopektin aukar til minst 98 %.

Poteten inneheld òg markørgenet nptII, som gir resistens mot antibiotika som kanamycin og neomycin. Genet har ingen funksjon i det endelege produktet, men er sett inn for å kunne skilje ut celler og vev som har fått overført og inkorporert genkonstruksjonen. 

GMO og avleda mat- og fôrvarer i EU og Noreg

Noreg er gjennom EØS-avtalen tilslutta EU sin godkjenningsordning for genmodifiserte organismar og avleda produkt. Dette inneber at Noreg får alle GMO-søknader som gjeld godkjenning for omsetjing i EU/EØS-området til behandling, og kan kome med innspel i løpet av godkjenningsprosessen.

GMO-ar som er godkjente for omsetjing i EU kan i prinsippet omsetjast i alle landa i EØS-området. Norske styresmakter kan likevel reservere seg mot omsetjing. I samband med sluttbehandlinga av søknaden i Noreg har Mattilsynet bedd VKM om å vurdere mogleg risiko for human- og dyrehelse ved bruk av poteten som fôr.

Mattilsynet bad òg VKM vurdere landbruksrelatert miljørisiko ved import, transport, vidareforedling og dyrking, og risiko knytt til sameksistens. 

Kontakt

Merethe Aasmo-Finne

Fagdirektør miljø. Dr.Scient.

T: 93-06-22-72
Send e-post

Andre populære artikler