Plantevernmidler

Vurdering av klagers argumentasjon i klagesak om avslag på søknad om godkjenning av plantevernmiddelet Infinito

Bestilt:

Rapportnr: 2014: 18

Publisert: 04.02.2014

Hovedbudskap:

I ei vurdering bestilt av Mattilsynet gjentar og forsterkar Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) si oppfatning av uheldige miljøeigenskaper hos eit av dei aktive stoffa i Infinito, eit nytt soppmiddel som det vert søkt godkjenning for i Norge.

Infinito er eit nytt soppmiddel for bruk i poteter. Infinito inneheld dei to aktive stoffa fluopicolide og propamocarb. Fluopicolide er ein ny aktiv forbindelse i Norge, mens propamocarb alt er godkjend i fleire andre plantevernmiddel.

Risikovurderinga av Infinito vart gjort i 2012 av faggruppa for plantevernmidlar i VKM. Basert på uheldige miljøeigenskaper påpeikt i denne risikovurderinga, har Mattilsynet avslått ein søknad om godkjenning av Infinito til bruk i Noreg.

Dette vedtaket er det sendt inn klage på av Bayer Crop Science, og Mattilsynet har bede VKM om å vurdere argumenta i denne klagen.

Vurdering av argumenta i klagen

I risikovurderinga utførd i 2012, konkluderte VKM med at både fluopicolide og det viktigaste nedbrytingsproduktet, M-01 (2,6-dichlorobenzamid ( BAM )), er persistent i jord og overflatevatn, og at det er stor fare for opphoping i jordsmonnet. M-01 er i tillegg svært mobil, og har difor eigenskaper som kan føre til ureining av grunnvatn.

Nedbrytingsprodukt er nye stoff som blir danna når eit stoff blir brote ned, til eksempel i jord. Nedbrytingsprodukt kan vere meir eller mindre giftig enn det opphavlege stoffet. Når VKM gjer ei risikovurdering av eit stoff, vurderer vi òg kva risiko nedbrytingsprodukta kan utgjere for miljøet og helsa til menneske.

I vurderinga av klagen bruker VKM anerkjend internasjonal metodikk og dokumentasjon frå eksperimentelle studiar innsendt av søkar, i tillegg til informasjon innhenta frå fagfellevurdert litteratur.

VKM slår i vurderinga fast at synet i risikovurderinga frå 2012 vert oppretthalden, og at grunnlaget for dette synet, med omsyn til risiko for opphoping i jordsmonn og ureining av grunnvatn er styrka gjennom dokumentasjon frå det norske overvakingsprogrammet JOVA, og internasjonale studiar.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler