Hygiene og smittestoffer

Risikovurdering av QAC i kosmetiske produkt

Bestilt:

Rapportnr: 2009: 27

Publisert: 13.08.2009

Hovedbudskap:

I 2009 sende Mattilsynet spørsmål om risikovurdering av bruk av kvartære ammoniumssambindingar (QAC). Bakgrunnen for ynsket var fokus på at bruk av fleire stoff i kosmetiske produkt fører med seg risiko for mikrobiell resistens og kan hende òg antibiotika-resistens som svekkjer mogelegheitene for medisinsk behandling av infeksjonssjukdommar. Ei ad hoc-gruppe vart etablert i Faggruppen for hygiene og smittestoffer og denne har utarbeidd risikovurderinga.

QAC vert brukte på ei rekkje område. I kosmetikk blir QAC nytta som konserveringsmiddel eller for å gi fylde til hår. Det blir òg hevda at QAC har effektar på hud, negler eller lepper. Resistens mot QAC er utbreidd hos ei rekkje mikroorganismar.

Det er ikkje tilgjengeleg vitskapeleg litteratur om utvikling av resistens som følgje av bruk av QAC i kosmetikk. På den andre sida er det sannsynleg at tilsetjing av QAC til slike produkt vil bidra til seleksjon av QAC-resistente mikroorganismar i hud og munn.

Mykje tydar på at det kan oppstå ko- og kryss-resistens mellom QAC og andre antibakterielle stoff som antibiotika og desinfeksjonsmiddel. Ein kan ikkje sjå bort frå at bruken av QAC i kosmetiske produkt kan bidra til ein auke i førekomsten av resistens mot klinisk viktige antimikrobielle stoff.

Dei viktigaste QAC i kosmetiske produkt er benzalkoniumklorid, stearalkoniumklorid, cetrimoniumklorid, cetrimoniumbromid og cetylpyridinklorid.

Kontakt

Andre populære artikler