Hygiene og smittestoffer

Risikovurdering av klorheksidin i kosmetiske produkter

Bestilt:

Rapportnr: 2010: 15

Publisert: 15.04.2010

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har på oppdrag for Mattilsynet vurdert risiko for utvikling av antibiotikaresistens ved bruk av klorheksidin i kosmetiske produkt. Bakgrunn for oppdraget er at Mattilsynet ønskjer ei betre oversikt over stoff brukt i kosmetiske produkt som kan vere årsak til antibiotikaresistens.

Så langt finst det ikkje tilgjengeleg litteratur om utvikling av resistens som følgje av klorheksidinbruk i kosmetiske produkt, men ein kan ikkje sjå bort frå at klorheksidin i kosmetiske produkt kan medverka til auka førekomst av resistens mot klinisk viktige antimikrobielle stoff.

Det er likevel høgst sannsynleg at resistensproblema for klorheksidin er mindre enn det ein ser for antibiotika eller biocid som inneheld kvartære ammoniumssambindingar. 

Klorheksidin og salt av klorheksidin vert nytta i kosmetikk anten som aktiv ingrediens som skal gi ønskt effekt, eller som konserveringsmiddel i konsentrasjonar på opp til 0,3 prosent. 

Slike kosmetiske produkt inkluderer munnskyljevatn, middel for farging eller bleiking av hår, sjampoar, middel mot ”håraldring”, hudskrubbeprodukt, hudlotionar, kosmetiske augekremar, andletsreinsarar, solkremar, ettersolingskremar, augesminkefjernarar og ansiktsmasker.

Innan helsesektoren vert klorheksidin nytta i legemiddel for preoperativ huddesinfeksjon, ved handsaming av mekaniske sår og brannsår, ved urinblæreskyljing og i kateterdesinfeksjon. 

Dessutan er klorheksidin brukt innan oftalmologi og gynekologi. Vanlege konsentrasjonar i medisinske produkt er frå 0,05 til 4 prosent. I kosmetiske produkt vert klorheksidin ofte nytta saman med andre antimikrobielle stoff for å gi auka antimikrobiell effekt. 

Denne risikovurderinga er andre del av eit oppdrag med å vurdere risiko for antibiotikaresistens forbunde med bruk av visse antimikrobielle stoff i kosmetikk. Første del vart utgjeve 13.8.2009 og omhandla kvartære ammoniumssambindingar (QAC).

Revidert vurdering

Etter at risikovurderinga vart utgjeve 15.4.2010 fekk VKM ein kommentar frå Mattilsynet med omsyn til vurderinga. Kommentaren gjeld manglande samsvar mellom estimat av årleg forbruk av klorhexidin i Noreg som Mattilsynet sende og det som står i risikovurderinga til VKM.

Faggruppa for smittestoff og hygiene har sett på saka og revidert vurderinga når det gjeld estimat av årleg forbruk av klorheksidin i Noreg. Endringa har ingen konsekvens for konklusjonane i vurderinga.

Revidert versjon av risikovurderinga vart utgjeve 07.05.2010.

Kontakt

Andre populære artikler