Plantevernmidler

Miljørisikovurdering av plantevernmiddelet Bontima

Bestilt:

Rapportnr: 2012: 18

Publisert: 26.06.2012

Hovedbudskap:

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) meiner at verkestoffet isopyrazam i plantevernmiddelet Bontima sannsynleg vil brytast sakte ned i norsk jord og samle seg opp ved sprøyting over fleire år. Det er ikkje venta at isopyrazam vil nå grunnvatnet, men det er fare for at nokre av nedbrytingsstoffa av dette stoffet kan nå grunnvatnet og overstige EUs grenseverdi for drikkevatn.

Dette går fram av ei miljørisikovurdering som VKM har utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet.

Bakgrunnen for oppdraget er at det er søkt om godkjenning til å importere det nye plantevernmiddelet Bontima til bruk mot dei viktigaste sjukdomane på haust- og vårbygg i Noreg.

Bontima inneheld dei aktive stoffa isopyrazam og cyprodinil.

Isopyrazam er eit heilt nytt stoff som kan forsinke utvikling av resistens mot sopp i byggplanter, medan cyprodinil er allereie i bruk i Noreg.

Miljørisiko

VKM meiner det er lite sannsynleg for at isopyramzan kan gi effektar på pattedyr, fuglar, bier og planter, og på organismar i jord med den sprøytinga som er foreslått.

Samstundes meiner VKM at det er svært sannsynleg at isopyrazam kan gi akutt giftig verknad på fisk, og middels sannsynleg at stoffet vil gje akutt verknad på virvellause dyr i vatn. Risikoen for organismar som lever i sediment, planter i vatn og algar er vurdert som liten.

Retningsliner frå EU seier at ei buffersone på 20 meter frå sprøytekant til vatn vil redusere avrenning av isopyazam med 80 prosent. VKM stiller spørsmål ved kor relevante slike buffersoner er i brattlente norske byggåkrar.

Behandling i VKM

Risikovurderinga er utarbeidd av VKMs faggruppe for plantevernmidlar og er basert på internasjonal vitskapleg litteratur og metodikk. Vurderinga vil danne eit grunnlag når Mattilsynet skal behandle søknad om godkjenning av plantevernmiddelet i Noreg.

Kontakt

Vitenskapskomiteen for mat og miljø

The Norwegian Scientific Committee for Food and Environment

Send e-post

Andre populære artikler