Nedgangen i bestanden av bier, humler og andre pollinerande insekt skaper uro i EU. På oppdrag frå EU-kommisjonen har EUs organ for mattryggleik, EFSA, publisert ein vitskapelig rapport om risiki for bier og humler ved bruk av plantevernmiddel.
Arbeidet skal danne grunnlag for å utvikle retningsliner for industrien og myndigheitene når det gjeld aktive stoff i plantevernmiddel.
Sentrale element i EUs oppdrag var å undersøke akutte og kroniske effektar av plantevernmiddel på bier og humler, metodar for å anslå langtidseffektar av låge dosar, og kumulative og kombinerte effektar ved bruk av fleire ulike slag plantevernmiddel.
Rapporten viser til sviktande informasjon på fleire sentrale område, og at det er nødvendig å utvikle betre test- og analysemetodar til bruk både i laboratoria og felten for å vurdere kor stor risiko plantevernmiddel kan utgjere for bier og humler. EFSA foreslår at det blir utført to separate risikovurderingar, ei for honningbier og ei for humler og artar av bier som ikkje lever i koloni.
Spesielt viser EFSA til behovet for å utvikle betre metodar for å avdekkje dødelegheit til larver og bier, kjelder til ureining, effektar av låge, men ikkje dødelige dosar, og betre metodar for statistisk analyse av testresultata.
Bruk av plantevernmiddel blir sett på som ein av fleire moglege årsaker som bidreg til nedgang i bestanden av bier og humler i fleire land. Andre viktige årsaker kan være sjukdomar, parasittar, klimaendringar og andre miljøfaktorar, og effektar av genmodifiserte planter.
Utrekningar viser at om lag 80 prosent av dei 264 kulturplantene som vert nytta i europeisk landbruk er direkte avhengig av støving ved hjelp av insekt, først og fremst bier.
Insekt er såleis avgjerande for å oppretthalde matproduksjonen og mangfaldet av planteartar. Den økonomiske verdien av innsatsen til bier og humler er anslått til milliardar av dollar.
Samstundes er biene svært sårbare. EFSA viser til at honningbier er kjent for å ha dårlegast evne av alle insekt til å bryte ned giftstoff i kroppen.
Se EFSA sine nettsider for meir informasjon
29.05.2012
Vitenskapskomiteen for mat og miljø