Hopp til innhold Hopp til søk

Førebels risikovurdering

Helserisikovurdering av pollen frå den genmodifiserte maisen MON 810
Helserisikovurdering av pollen frå den genmodifiserte maisen MON 810
Foto: iStockphoto
I samband med EUs handsaming av søknad om godkjenning av pollen frå den genmodifiserte maisen MON 810 (EFSA/GMO/NL/2012/107) til bruk som eller i mat, gjennomfører Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) ei førebels helserisikovurdering av maislina.

Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt til EUs ordning for godkjenning av genmodifiserte organismar (GMO) og produkt som er avleidde av desse. Norske myndigheiter mottar difor alle søknader om godkjenning for EU-området, og kan kome med innspel og kommentarar til handsaminga i EU undervegs i prosessen.

Prosessen

Prosessen starter med at eit selskap søkjer eit medlemsland om å få godkjent ein GMO for sal i EU-området. Medlemslandet sender søknaden til EUs organ for mattryggleik EFSA, som varslar andre medlemsland og EU-kommisjonen og gjennomgår søknaden. Ved søknad om godkjenning til dyrking får eitt medlemsland i oppdrag å gjere ei førebels risikovurdering for EFSA.

Den norske handsaminga av GMO-søknader går parallelt med handsaminga i EU. Etter at EFSA har funne at ein søknad er fullstendig, legg EFSA søknaden ut på høyring i EU/EØS-området med ein frist på tre månader til å fremje skriftlige kommentarar og spørsmål til søknaden.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) arrangerer høyring i Noreg og koordinerer norske innspel. VKM utarbeider ei førebels risikovurdering for Mattilsynet og DN og gir innspel til EFSA basert på denne vurderinga.

EFSA gjer så ferdig si risikovurdering ut frå dokumentasjon frå søkjar, innspel frå medlemslanda, uavhengig litteratur etc. Etter det blir risikovurderinga sendt til EU-kommisjonen, som så sender saka på høyring før den avgjer søknaden.

Handsaming i VKM

Det er VKMs faggruppe for genmodifiserte organismar som gjennomfører den førebels helserisikovurderinga av pollen frå den genmodifiserte maislina MON 810 (EFSA/GMO/NL/2012/107).

Les meir om EUs godkjenningsordning for GMO. 

10.10.2012

Vurdering under arbeid

Kontaktinformasjon

Arne Mikalsen, koordinator for faggruppen for genmodifiserte organismer (helse)
Tlf. 21 62 28 14
arne.mikalsen@vkm.no  

Merethe Aasmo Finne, koordinator for faggruppen for genmodifiserte organismer (miljø)
Tlf. 21 62 28 16
merethe.aasmo.finne@vkm.no