Hopp til innhold Hopp til søk

Revidert vurdering:

Risikovurdering av klorheksidin i kosmetiske produkt

Kontaktinformasjon

Bjørn-Tore Lunestad i VKMs faggruppe for hygiene og smittestoffer, tlf. 55 90 52 00 og koordinator Danica Grahek-Ogden, tlf. 21 62 28 12, e-post danica.grahek-ogden@fhi.no

VKM har på oppdrag for Mattilsynet vurdert risiko for utvikling av antibiotikaresistens ved bruk av klorheksidin i kosmetiske produkt. Bakgrunn for oppdraget er at Mattilsynet ønskjer ei betre oversikt over stoff brukt i kosmetiske produkt som kan vere årsak til antibiotikaresistens.

Så langt finst det ikkje tilgjengeleg litteratur om utvikling av resistens som fylje av klorheksidinbruk i kosmetiske produkt, men ein kan ikkje sjå bort frå at klorheksidin i kosmetiske produkt kan medverka til auka førekomst av resistens mot klinisk viktige antimikrobielle stoff. Det er likevel høgst sannsynleg at resistensproblema for klorheksidin er mindre enn det ein ser for antibiotika eller biocid som inneheld kvartære ammoniumssambindingar.

Klorheksidin og salt av klorheksidin vert nytta i kosmetikk enten som aktiv ingrediens som skal gi ønska effekt, eller som konserveringsmiddel i konsentrasjonar på opp til 0,3 %. Slike kosmetiske produkt inkluderer munnskyljevatn, midlar for farging eller bleiking av hår, sjampoar, midlar mot ”håraldring”, hudskrubbepodukt, hudlotionar, kosmetiske augekremar, anletsrensarar, solkremar, ettersolingskremar, augesminkefjernarar og ansiktsmasker. Innan helsesektoren vert klorheksidin nytta i legemidlar for preoperativ huddesinfeksjon, ved handsaming av mekaniske sår og brannsår, ved urinblæreskylling og i kateterdesinfeksjon.

Dessutan er klorheksidin brukt innan oftalmologi og gynekologi. Vanlege konsentrasjonar i medisinske produkt er frå 0,05 til 4 %. I kosmetiske produkt vert klorheksidin ofte nytta saman med andre antimikrobielle stoff for å gi auka antimikrobiell effekt.

Denne risikovurderinga er andre del av eit oppdrag med å vurdere risiko for antibiotikaresistens forbunde med bruk av visse antimikrobielle stoff i kosmetikk. Første del vart utgjeve 13.8.09 og omhandla kvartære ammoniumssambindingar (QAC).

Revidert vurdering
Etter at risikovurderinga vart utgjeve 15.4.10 fekk VKM ein kommentar frå Mattilsynet med omsyn til vurderinga. Kommentaren gjeld manglande samsvar mellom estimat av årelg forbruk av klorhexidin i Noreg som Mattilsynet sende og det som står i  risikovurderinga til VKM.

Faggruppen for smittestoff og hygiene har sett på saka og revidert vurderinga når det gjeld estimat av årleg forbruk av klorheksidin i Noreg. Endringa har ingen konsekvens for konklusjonane i vurderinga.

Revidert versjon av risikovurderinga vart utgjeve 7.5.10

Abonner på nyheter

Medlemmer av faggruppen

Jørgen Lassen (leder), pensjonist, Oslo

 

Georg Kapperud, Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Oslo

 

Bjørn Tore Lunestad, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, Bergen

 

Truls Nesbakken, Norges veterinærhøgskole, Oslo

 

Karin Nygård, Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Oslo

 

Lucy Robertson, Norges veterinærhøgskole, Oslo

 

Michael Tranulis, Norges veterinærhøgskole, Oslo

 

Morten Tryland, Norges veterinærhøgskole, Tromsø

 

Siamak Yazdankhah, Statens legemiddelverk, Oslo

 

Karl Eckner, Eurofins Norsk Matanalyse, Oslo

Kontakt faggruppen

Koordinator for faggruppen

Danica Grahek-Ogden
Tlf. 21 62 28 12
danica.grahek-ogden@fhi.no